For få bustadar samanlikna med folketalsveksten

(NPK-NTB): Det blir bygt for få bustadar på landsbasis samanlikna med folketalsveksten. I Oslo blir det bygt minst i forhold til veksten i talet på innbyggjarar, viser bustadstatistikken for november 2015.

– Oslo er hovudproblemet. Her blir det bygt altfor få bustadar samanlikna med folketalsveksten. Kommunen treng opptil 7.000 bustader kvart år, men det blir bygt berre 3.000. Det er hovudårsaka til den sterke prisveksten vi har i Oslo, seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening til NTB.

Måndag presenterte foreininga bustadstatistikken for november 2015.

Jæger meiner regjeringa bør komme raskt på bana med bustadkrav for å kunne busetje dei 18.000 flyktningane innan 2016.

– Vi treng 37.000 bustadar i Noreg ut frå folketalsveksten. Og vi byggjer no 30.000. I Buskerud, Østfold og Hordaland blir det også bygt for lite bustadar, forklarar Jæger.

Det er store geografiske forskjellar i fylkesendringane i påbegynt bustadbygging.

I Akershus har det vore ein auke på 110 prosent hittil i år, mens Rogaland viser ein tilbakegang på 20 prosent. (©NPK)

Annonse