Annonse

For tøft for Warholm i EM-finalen

(NPK-NTB): Karsten Warholm fekk det ikkje til å stemme i EM-finalen på 400 meter hekk. 20-åringen vart nummer seks på tida 49.82.

Tyrkaren Yasmani Copello Escobar vann på 48.98. Spanske Sergio Fernandez vart nummer to, medan Kariem Hussein frå Sveits kneip tredjeplassen. Finske Oskari Mörö vart fjerdemann.

Warholm verka ikkje like pigg som i semifinalen. Han hang ikkje med på oppløpet og måtte altså sjå fem konkurrentar framfor seg over målstreken.

– Kanskje var Karsten litt sliten etter gårsdagens kjempeløp, sa NRKs kommentatorar etter løpet. (©NPK)

Annonse