Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Netthandlande nordmenn lar seg lure av merkebikiniar, solbriller og sko til knallprisar. Forbrukarombodet åtvarar mot fleire nettbutikkar som tilbyr dyre merkeklede for ein billig penge.
npk@npk.no
Publisert: 04.08.2016 kl 10:36
– God tid og litt ekstra pengar på kontoen, gjer at mange brukar sommaren til å handle på nett. Men ver kritisk til kvar du legg igjen pengane dine, rår fungerande forbrukarombod Jo Gjedrem.
Forbrukarombodet har oppdatert svindelgalleriet sitt, ei liste over nettbutikkar dei åtvarar forbrukarane mot, med eit titals nye nettsider.
I sommar har ombodet fått fleire tips om butikkar som sel typiske sommarvarer til ein svært gunstig pris.
– Sjekk heller butikken ein gong for mykje enn ein gong for lite. Mange skor seg på handleglade nordmenn som stolar blindt på tilsynelatande seriøse nettbutikkar, seier Gjedrem. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.