Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Forbrukarombodet meiner Telenor villeier kundane når dei reklamerer med den nye salsmodellen sin for mobiltelefonar. Mobilselskapet avviser skuldingane mot Swap-ordninga.
npk@npk.no
Publisert: 22.08.2016 kl 08:48
– Vi tåkelegg ingenting. Dette er vi opne og tydelege på. Prisen kjem fram tydeleg, det kjem fram tydeleg kva som er inkludert, og kva avtale kunden har inngått, seier Telenors Bjørn Ivar Moen til NRK. Han er leiar for mobildivisjonen i selskapet.
Men forbrukarombod Gry Nergård er altså av ei anna oppfatning. Telenor reklamerer med at dei i denne ordninga sel mobiltelefonar på avbetaling over to år, utan å krevje renter eller andre gebyr. Men det stemmer ikkje, seier Nergård.
– Vi meiner at det er vanskeleg å kunne bruke omgrep som rentefri og kostnadsfri når telefonane som blir kjøpt gjennom dette abonnementet, er dyrare. Vi meiner at marknadsføringa er villeiande og ulovleg, seier Nergaard.
Ifølgje NRKs utrekning blir ein iPhone 6 eksempelvis 13 prosent dyrare gjennom Swap-abonnementet enn å kjøpe den kontant. I eit brev frå advokatkontoret Hjort, slår selskapet fast at det ikkje er noko rente i dei 13 prosentane ein må betale ekstra for telefonen på avbetaling, men at det her inngår forsikring og rett til ny leasingavtale.
Forbrukarombodet skal no gå gjennom argumenta til Telenor. Blir ein ikkje einige, vil ombodet sende saka over til Marknadsrådet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.