Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Då Forbrukarombodet gjennomførte eit tilsyn med reklamemerking hos landets fire største nettaviser avdekte dei fleire tilfelle av ulovleg marknadsføring.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 15:43
– Forbrukarane har krav på å vite kven som er avsendar av bodskapen, om det er reklame eller journalistikk. Dette er viktig for at lesarane kan vurdere innhaldet på rett måte. Vårt tilsyn viser at fleire mediehus framleis har ein veg å gå for å gjere dette skiljet tydeleg for sine lesarar, seier forbrukarombod Gry Nergård i ei pressemelding.
Tilsynet blei gjennomført i byrjinga av mai hos nettavisene vg.no, dagbladet.no, nettavisen.no og aftenposten.no. Målet var å undersøkje korleis redaksjonelle medium presenterer reklame og kommersielle bodskap.
Hos VG og Nettavisen blei det avdekte fleire lovbrot på forbodet mot skjult reklame. Som følgje av dette møttest Forbrukarombodet og VG i førre veke, og mediehuset fekk da melding om å endre sin ulovlege marknadsføring.
– Vi opplever at pressa tar problemstillinga på alvor. Møtet med VG var konstruktivt, og vi håper at vi saman med mediehusa kan komme fram til gode løysingar som sikrar at forbrukarane ikkje blir lurt av skjult reklame i framtida, seier Nergård.
Forbrukarombodet skal møte Nettavisen 7. juni. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.