Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Finnmark Jeger- og Fiskeforbund synest jegerar burde late vere å legge ut bilde av blodige dyr frå jakt på sosiale medium.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 19:48
Forbundet ønskjer ei bevisstgjering om kva slags bilde som blir lagt ut, slik at norske jegerar står fram som skikkelege overfor omverda, melder NRK.
– Det finst personar i dag som er motstandarar av jakt, og det er unødvendig å provosere med bilde av for eksempel revejakt. Blod ser stygt ut når det ligg i pels og rundt omkring. Ver varsam med korleis du tek bilde, er ganske enkelt det vi presiserer, seier Geir Thrane, som leiar Finnmark Jeger- og Fiskerforbund.
Fleire jegerar har fått truslar og hatefulle meldingar etter å ha publisert bilde frå jakt. Mellom anna tok eit jaktlag imot nærmare 40 truslar etter rypejakt i Finnmark. Enkelte av trugslane blei karakterisert som konkrete drapstruslar, ifølgje rikskringkastaren.
15. juli starta revejakta som også omfattar jakt på kvalpar.
– Ein revekvalp er omtrent på størrelse med ein liten hundekvalp. Vi veit av historia at jo mindre og søtare dyra er, jo meir provoserer det, seier han. (©NPK)