Annonse
Annonse
Annonse

Foreslår å skrinleggje ny grensestasjon i nord

(NPK-NTB): Trass i at ei aukande mengd med asylsøkjarar tar seg til Noreg via Storskog i Finnmark, anbefaler ein fersk rapport regjeringa om å vente med større tiltak ved grensestasjonen.

Annonse

Flyktningstraumen frå Russland og inn til Noreg har auka betydeleg dei siste vekene. Tysdag vart det sett ny dagsrekord då 196 asylsøkjarar kom til grensa. Hittil har det komme 543 denne veka, medan det førre veke kom til saman 793 asylsøkjarar over Storskog.

I staden for ei omfattande utviding anbefaler rapporten frå Konseptvalutgreiinga for grensestasjonen at det vert gjort mindre endringar og oppgraderingar ved det allereie eksisterande anlegget, for å betre dagens situasjon. Det vert gjort framlegg om å investere 4 millionar kroner til formålet.

Grunngjevinga for ikkje å gjere meir for å betre dagens situasjon er at dei ikkje veit kor mange som kjem til å krysse grensa i framtida, i tillegg vil dei sjå kor stor den nye grensestasjonen på russisk side vil bli. Utbygginga er mellombels stogga grunna finansieringsproblem.

Grensestasjonen på Storskog er berekna for 175.000 grensepasseringar i året. Dei seinare åra har trafikken over grensestasjonen auka betydeleg. Meir enn 300.000 personar passerte grensa i 2013 og 2014.

Justis- og beredskapsdepartementet tok imot rapporten 30. september, men han har først blitt offentleggjort no. Departementet vil gjennomgå rapporten med berørte departement før det vert teke stilling til vidare oppfølging. (©NPK)