Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Johann André Forfang var best av dei norske med 12.-plass i kvalifiseringa til verdscuprennet i Lysgårdsbakken laurdag. Alle dei seks nordmennene er vidare.
Publisert: 01.12.2023 kl 18:08
Forfang hoppa 98,5 meter og enda 12,4 poeng bak kvalifiseringsvinnar Stefan Kraft. Halvor Egner Granerud hoppa 95 meter og enda på 15.-plass. Elles vart Marius Lindvik nummer 18 (94), Kristoffer Eriksen Sundal nummer 19 (96,5), Daniel-André Tande nummer 25 (89) og Fredrik Willumstad nummer 36 (90,5).
Austerrikaren Kraft hoppa 99 meter. Andreas Wellinger frå Tyskland hoppa halvmeteren lenger, men vart slått med halvtanna poeng på grunn av betre forhold. Ryoyu Kobayashi vart nummer tre.
Lindvik hoppa lengst av alle i 2. treningsomgang med 98,5 meter, etter 94,5 i den første. I den omgangen var Sundal og sveitsaren Gregor Deschwanden lengst med 97 meter.
Det var 62 deltakarar i kvalifiseringa, så alle utanom dei 12 siste kvalifiserte seg til rennet laurdag i den vesle Lysgårdsbakken.
(©NPK)
Johann André Forfang var beste norske i kvalifiseringa i Lysgårdsbakken fredag. Foto: Geir Olsen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.