Klargjør siden...
Annonse

Forfattar Asli Erdogan frikjend i Tyrkia

Den kjende tyrkiske forfattaren Asli Erdogan er frikjend for såkalla terrorpropaganda i ein domstol i Tyrkia.

Erdogan fekk ytringsfridomsprisen i 2018 frå Den norske forfatterforeningen. Ho vart første gong arrestert i 2016 og skulda for terrortilknyting. Tyrkiske styresmakter kravde då livstidsdom. Erdogan slapp fri frå varetekt etter fire månader, og ho bur i dag i eksil i Tyskland.

Ein tyrkisk domstol frikjende fredag Asli Erdogan for skuldingane om å ha vore medlem av ein terrororganisasjon. Ho vart òg frikjend for å ha trua fellesskapet i nasjonen, og dessutan skuldingane om å ha spreidd terroristisk propaganda.

Bakteppet for skuldingane mot henne var fleire artiklar som ho skreiv i den kurdiskvennlege avisa Özgür Gündem. Der argumenterte ho for ei fredeleg forsoning mellom ulike folkegrupper i Tyrkia. Avisa vart stengd i 2016 fordi vart mistenkt for å ha koplingar til Det kurdiske arbeidarpartiet (PKK). Innhaldet vart sidan flytta til ein nettstad, utilgjengeleg for tyrkiske lesarar.

Erdogan var ikkje sjølv til stades under rettssaka i Tyrkia. I ei fråsegn formidla av advokaten til forfattaren sa ho at tekstane hennar ikkje har innehalde valdelege element.

– Det politiske innhaldet deira er avgrensa til overgrep mot menneskerettane, uttala Erdogan.

Fleire av bøkene til forfattaren er gitt ut på norsk.

(©NPK)