Annonse

Forfattar Tore Renberg blir Ap-politikar

Forfattar Tore Renberg står på kommunevallista til Stavanger Arbeidarparti og legg til grunn at han er opptatt av samfunnet barna hans veks opp i.

Renberg fortel til Stavanger Aftenblad at han allereie i 2002 vart spurt av Raudt om å engasjere seg, men enda med å seie nei.

- Denne gongen var dette var noko eg ville. Eg er blitt 46 år, ikkje lenger så opptatt av meg sjølv, men meir av ungane mine og det samfunnet dei skal vekse opp og leve i, seier han.

- Eg synest det er blitt for mykje ego-tenking i samfunnet, fortset han.

Renberg fortel at han har stemt på fem forskjellige parti, frå Raudt til Høgre, og er sjølv vaksen opp med «Høgre-folk på alle kantar».

- Likevel vel eg Ap no. Eg meiner partiet forsvarar dei fellesskapsløysingane som er så viktige for oss gjennom heile livet, frå barnehagar og skule til helse og eldreomsorg.

Forfattaren avviser lattermildt overfor avisa at han blir politikar for å drive research til ei ny bok.

- Nei, ærleg tala. Men dersom det no blir ei bok av det også, er det heilt topp.

(©NPK)

Forfattar Tore Renberg (46) stiller på kommunevallista til Stavanger Arbeidarparti.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix