Annonse

Forfedrane til «Hobbiten» er funne

(NPK-NTB-AFP): Forskarar i Indonesia har funne 700.000 år gamle fossila som dei meiner stammar frå forfedrane til det som blir rekna for å vera ein kortvaksen menneskeart som har fått kallenamnet «hobbiten».

Fossila som no er funne, forlengjer dermed hobbithistorien ytterlegare tilbake i tid, samanlikna med opplysningane ein sat på basert på eit tidlegare funn frå 2003. Fossila som blei avdekt på øya Flores i Indonesia for 13 år sidan, blei rekna for å vera 50.000 år gamle.

Dei nye fossilfunna blei gjort i 2014 i utgravingar som ligg rundt 100 kilometer frå 2003-funnet.

Forskarane skriv i to artiklar i tidsskriftet Nature at funna, som er sett saman av seks tenner og deler av ein kjeve, antan kjem frå arten homo floresiensis – med kallenamnet hobbiten – eller beslekta arter.

– Hobbiten var ekte. Det var ein urgammal menneskeart forskjellig frå vår og som ikkje lenger finst på planeten vår, seier arkeolog Adam Brumm ved Griffith-universitetet i Queensland i Australia.

Dei første «hobbitane» kom til øya Flores i Indonesia for rundt ein million år sidan. På den tida var denne arten truleg høgare. Etter kvart blei arten redusert til halvparten av den opphavlege høgda og vekta si.

Homo floresiensis utvikla seg truleg frå homo erectus, den første menneskearten som blir rekna for å ha utvandra frå Afrika. (©NPK)

Annonse