Annonse

Forhandlingar om plastavtale: – Ein avgjerande augneblink

I Canada startar ein ny runde forhandlingar for å bremse spreiinga av plastsøppel, som finst over store delar av kloden og som partiklar i kroppane våre.

– Dette er ein avgjerande augneblink i denne prosessen, seier Andres Gómez Carrion, som leier forhandlingane, til nyheitsbyrået Reuters.

Representantar for dei aller fleste landa i verda byrjar forhandlingsrunden tysdag i den canadiske hovudstaden Ottawa.

Dette er det nest siste møtet før ein global avtale om plastforureining etter planen skal landast seinare i år.

Produksjonen i verda av plast er meir enn dobla dei siste 20 åra til 460 millionar tonn per år. Bekymringa er at for mykje av dette hamnar i naturen.

Plastsøppel finst i dag over store delar av verda, ikkje minst i havet. Små plastpartiklar – mikroplast – er funne i kroppane til mange typar dyr, og i menneskeblod og brystmjølk. Førebels er det uklart kva helseskadar mikroplasten eventuelt kan føre til.

Blant landa i forhandlingane er det svært ulike meiningar om kor streng plastavtalen bør vere.

Noreg er med og leiar ein såkalla høgambisjonskoalisjon, og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) deltok på møte i Ottawa i helga, i forkant av sjølve forhandlingsrunden.

(©NPK)

Ein mann går langs eit jernbanespor fylt av plastsøppel i Mumbai i India. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB

Plast og anna søppel fjernast med ein liten gravemaskin på ei strand i Mumbai i India. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB