Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): I ei feilsend tekstmelding like før innspurten av jordbruksoppgjeret uttrykkjer forhandlingsleiaren til staten at dei må nytte tida til å disiplinere Småbrukarlaget til «ansvarlig og seriøs opptreden».
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 18:14
«Det høres sånn ut ja – Men «vi leker ikke jordbruksforhandlinger». Nå synes jeg vi skal bruke den tida som trengs for å disiplinere Småbrukarlaget til ansvarlig og seriøs opptreden. Så får vi se om det bare blir Bondelaget til slutt ... Og kan Bartnes «stå» i det---"», skreiv forhandlingsleiar Leif Forsell i ei tekstmelding til Nationen natt til fredag, skriv avisa.
Avisa publiserte innhaldet i tekstmeldinga fredag formiddag, samtidig som staten sit i innspurten av forhandlingane med bondeorganisasjonane om jordbruksoppgjeret.
Forsell, som er departementsråd i Landbruks- og matdepartementet (LMD), har bedt avisa om ikkje å publisere innhaldet i meldinga.
– Tekstmeldinga er feilsend til Nationen og ber preg av det. Det er eit svar på eit spørsmål frå nokon på den statlege sida. Akkurat no er eg opptatt av å disiplinere meg sjølv til ikkje å sende SMS-ar feil, og det er ingen andre som treng å bli disiplinerte. Eg er lei for at meldinga vart send feil, seier Forsell til avisa.
Partane har forhandla sidan laurdag, og fristen for ei avklaring er midnatt natt til laurdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.