Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Quique Setién har i lang tid vore inspirert av Barcelona, den spanske fotballstordommen han no tar over som hovudtrenar.
stian.grythaugen@ntb.no/hakon.remoy@npk.no
Publisert: 14.01.2020 kl 14:44
61-åringen leidde tysdag den første Barcelona-treninga si etter at han erstatta Ernesto Valverde som sjef. Det skjedde 14 månader etter at han på noko spesielt vis viste beundringa si for midtbaneankeret Sergio Busquets på laget.
Setién trena då Betis, og før ein bortekamp mot Barcelona bad han Busquets om å få drakta hans etter oppgjeret. Han ønskte den signert med ein personleg beskjed, slik at han kunne ramme henne inn, skriv nyheitsbyrået AP.
Busquets oppfylte Setiéns ønske og sende den signerte drakta med denne meldinga: «Til Quique, med kjærleik og beundring for måten du ser fotballen på. Eg ønskjer deg alt det beste».
At Busquets skulle nemne fotballfilosofien til trenaren, er ikkje heilt tilfeldig. Setién har nemleg late seg inspirere av Barcelonas spelestil både i Betis og tidlegare klubbar. Han har prøvd å få laga sine til å etterlikne stilen til Barcelona med mykje ballinnehav og angrepsfokus. Og no får han sjølv sjansen til å leie laget han har beundra.
– Gjennom heile karrieren har han vore ein forkjempar for ballinnehavande, offensiv fotball som har vore attraktiv for fansen, uttalte Barcelona då den måndag kvelden utpeika Setién som erstattaren til Valverde.
Den tidlegare Racing Santander- og Atlético Madrid-spelaren er faktisk den siste trenaren som har slått Barcelona på mektige Camp Nou. Det skjedde i det nemnde oppgjeret i november 2018, der Betis vann 4–3.
Setién har sjølv uttala at han har tileigna seg flesteparten av fotballkunnskapane sine ved å studere og spele mot Johan Cruyffs Barcelona-lag på 1980- og 1990-talet.
– Eg ville ha ofra vesletåa mi for å spele for Cruyff i Barcelona, skal han ha sagt.
61-åringen overtar eit Barcelona-lag som leier spanske La Liga etter halvspelt sesong. Real Madrid har like mange poeng, men ligg bak på målskilnad.
Valverde sørgde med andre ord for å halde Barcelona på toppen av tabellen, men resultata har ikkje vore gode nok til at han fekk behalde jobben. Han vann to strake ligatitlar med klubben, men heller ikkje det var nok for å tilfredsstille styret.
I eit personleg brev på Barcelonas nettstad takkar Valverde fansen, styret og kollegaene for tida si i klubben.
– Det har vore to og eit halvt intense år heilt frå starten av. På den tida har eg opplevd nokre gledelege augneblinkar der vi har feira sigrar og trofé, men også andre stunder som har vore vanskelege, skriv han mellom anna.
Barcelonas første kamp med Setién på trenarbenken blir spelt heime mot Granada komande søndag.
(©NPK)
Quique Setién vart tysdag presentert som Barcelonas nye hovudtrenar. Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB scanpix