Forren skreiv ny kontrakt med Molde

Vegard Forren forlenger den noverande kontrakten sin med Molde. Den nye avtalen strekker seg ut 2021-sesongen.

Det stadfestar eliteserieklubben i ei pressemelding måndag.

Forren hadde opphavleg ein kontrakt som varte ut 2019-sesongen.

- Eg har lenge ønskt å vere med klubben vidare, så i dag er eg veldig glad, stolt og fornøgd med å få signert for to nye år utover denne sesongen, seier Forren.

Midtstopparen gleder seg til dei kommande sesongane for Molde FK.

- Eg har vore tydeleg overfor klubben på at eg har ønskt dette, og vi har hatt veldig gode samtalar. No er eg veldig glad for at vi er samde, seier Forren.

Midtstopparen er den spelaren troppen som har flest kampar for klubben. Heile 296 offisielle kampar har det så langt vorte sidan han kom til klubben i 2007.

Manager Erling Moe er fornøgd med å ha fått avtalen på plass.

- Ein ting er å signere nye spelarar, men å få med vidare dei som har bidratt for klubben i mange år har stor tyding. Dette er ei signering som eg trur mange i og rundt klubben vil setje stor pris på, seier han.

(©NPK)

Vegard Forren har signert ein ny avtale med Molde. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix