Forskar: Aktiv regulering av kraftproduksjonen kan redusere flaumskadar

Flaumskadar for millionar av kroner kan truleg unngåast ved aktiv regulering av vasskraftproduksjonen, meiner forskar Håkon Sundt hos Sintef Energi i Trondheim.

– Analysar viser at aktiv regulering kan bidra vesentleg til flaumdemping, seier Sundt til Dagsavisen.

Han viser til det pågåande forskingsprosjektet SamVann.

Sundt seier kostnadsinnsparingane for samfunnet potensielt kan liggje i millionersklassen. Etter ekstremvêret Hans vart det meldt inn rundt 10.000 flaumskadar til forsikringsselskapa. Norsk Naturskadepool anslår at erstatningane kan bli på rundt 1,8 milliardar kroner.

– Aktiv regulering føreset at ein veit kor mykje vatn som kjem inn i systemet, og at ein deretter kan styre vassmengdene, anten gjennom turbinane – altså kraftproduksjonen, gjennom luker i dammen eller gjennom overføringar til andre vassførekomstar, seier Sundt.

– Viss desse forholda er til stades, kan ein aktivt planleggje og gjennomføre nedtapping av vassmagasin før ein eventuell flaumtopp.

Han seier at så lenge det er ledig kapasitet i eit vassmagasin, vil det dempe ein flaum.

I fleire av områda dei jobbar med i forskingsprosjektet, har flaumstorleikane allereie vorte reduserte på grunn av reguleringar.

– Dette gjeld nok også for fleire område som vart ramma av Hans, seier Sundt.

(©NPK)

Aktiv regulering av vasskraftproduksjonen kan bidra vesentleg til flaumdemping, meiner Håkon Sundt, forskar ved Sintef Energi i Trondheim. Biletet er av Bagnsdammen mellom Aurdal og Bagn under ekstremvêret Hans i august.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Annonse