Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Russland ser på Noreg som ein amerikansk utpost med avgrensa høve til å bestemma over eigen utanrikspolitikk, trur forsvarsforskar Tor Bukkvoll.
npk@npk.no
Publisert: 20.07.2016 kl 07:24
Etter at Nato vedtok å utplassera styrkar i Baltikum og Polen under toppmøtet i Warszawa, har spenninga auka mellom Nato og Russland – noko som også påverkar tilhøvet mellom Russland og Noreg, skriv Klassekampen.
– Russland ser at desse styrkane er for små og lette til å utgjera ein trussel. Men dei fryktar at dette er starten på ei gradvis større militær oppbygning opp mot grenseområda, seier forskar Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) til avisa. På same måten som Tormod Heier ved Forsvarets høgskole, trur Bukkvoll at Russland kan ønskja å krenka norsk territorium for å verna atomstyrkane på Kolahalvøya i ein krisesituasjon.
– Under sovjettida var det planar om ei utvida tryggingssone, som vil koma i strid med norske interesser. Vi kan ikkje sjå bort frå at dei ser likt på det i dag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.