Klargjør siden...

Forskar åtvarar mot sylskarpe østersskjel

(NPK-NTB): Stillehavsøstersen er ein inntrengar langs norskekysten, og i tillegg til å fortrenge heimlege variantar av skjel, kan dei skarpe skjela også øydeleggje ein elles fin badetur.

– Det er eit problem om du trakkar på ein stillehavsøsters. Den kutter deg enkelt inn i foten, seier marinbiolog Anders Jelmert ved Havforskingsinstituttet i Arendal til NRK.

Eitt av problema er at østersen – på same måte som badegjestane – likar seg godt i lune og rolege viker. Blir det meir bølgjer og straum, er den ikkje like nøgd, og der ligg ei mogleg løysing for å unngå å trakke på dei skarpe skjela.

– Badar du på strendene som vender mot open sjø, så vil du vere nokolunde trygg på å unngå østersen, forklarer Jelmert.

Dei siste åra har østersen frå Stillehavet spreidd seg raskt langs kysten, og den finst lang heile kysten i Sør-Noreg og opp til Nordmøre. Inntrengaren er uvelkommen og kan utkonkurrere både blåskjel og flatøsters. Ein måte å bidra til å dempe spreiinga på er rett og slett å plukke og ete skjela.

– Då gjer ein god nytte og kan samtidig skaffe seg god mat. Den er ein veldig god matressurs, seier Jelmert og rår å sjekke blåskjelvarselet først. Er det varselet greitt, vil det også vere trygt å ete østersane. (©NPK)

Annonse