Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Flyavgifta på 88 kroner påverkar reiselysta for lite. Men ei avgift på 400 kroner kan gje merkbare utslag, trur transportforskar.
margunn@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 07:55
Sist oppdatert: 27.05.2016 kl 08:10
Viss regjeringa ønskjer å få folk til å fly mindre, er ei avgift på 88 kroner per flyreise lite, særleg på lange turar, meiner Harald Thune-Larsen, forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).
– 80 kroner for ein tur til Thailand gjer ikkje så mykje til eller frå for om folk reiser eller ikkje, seier Thune-Larsen til Vårt Land.
Venstre føreslo i det alternative statsbudsjettet sitt ei avgift på 50 kroner på flybillettar innanlands og til Europa, og mellom 175 og 300 kroner på flyreiser til utlandet. Arbeidarpartiet vedtok på landsmøtet sitt i fjor å greia ut ei flyseteavgift etter tysk mønster, der langdistansereiser vil få ei avgift på nærmare 400 kroner.
– Det kunne nok få meir effekt. Då ville ho ramma flygingar til mål som Thailand og USA mykje hardare, seier Thune-Larsen.
Forskaren reknar med at Ryanair no vil utnytta flyflåten sin ein annan stad i verda, men eventuelt redusera han på sikt viss avgiftene blir endå høgare enn i dag. På lang sikt trur han at avgifta kan få noko å seia for flytrafikken i og til og frå Noreg.
– Men om ein meiner at avgifta skal ha miljøeffekt, reagerer eg på at ho ikkje er innretta meir etter avstand. Lange flyreiser forureinar mykje meir, seier Thune-Larsen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.