Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Sintef-forskar Atle Harby meiner både Noreg og Europa kan tene på å byggje ut kraftkabelnettverket stort. Han foreslår ni nye utanlandskablar.
Publisert: 15.09.2023 kl 07:15
Sist oppdatert: 15.09.2023 kl 10:33
Teknisk Ukeblad skriv at Sintef-forskarar har rekna på konsekvensen av å installere nye kablar med kapasitet på 12,6 GW mellom Noreg og fleire europeiske land, og dessutan doble kapasiteten til Sverige. Det svarer til ni utanlandskablar.
Forskarane i prosjektet HydroConnect har då lagt inn meir effekt i norske kraftverk. Dei meiner alle kjem til å tene på eit betre kabelnettverk. Prisane i Noreg kjem framleis til å vere lågare enn dei i Europa trass kabelutbygging, meiner Harby.
Samtidig kan rein norsk kraft dekkje behov i Europa, medan norske magasin kan bidra til lagring av overskotskraft når det er mykje vind og sol i Europa.
Harby seier forskarane har lagt inn i anslaga sine at norsk kraftproduksjon blir bygd ut i tråd med planar og mål.
– Noko som gir ein overskotssituasjon, det er vi som har straum, og det er vi som har magasina, seier Harby.
Øyvind Stakkeland, strategisk rådgivar for konsernutvikling i Å Energi, leier styringsgruppa i Hydro Connect. Han viser til at Noreg har ein stor og uutnytta ressurs i havvind, men at det er behov for infrastruktur for å transportere krafta og utveksle kraft mellom regionar.
– Eg håpar at også norske politikarane etter kvart vil sjå at eit framtidig utsleppsfritt europeisk kraftsystem med eit nordsjønett med mange nye kablar også er i Noregs interesse, seier Stakkeland.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.