Klargjør siden...
Annonse

Forskar juksa med fedme og tarmbakteriar

(NPK-NTB): Ein studie som antydar at tarmfloraen kan vere kopla til overvekt, er trekt tilbake etter at det er avslørt at ein av forskarane fabrikkerte data.

I 2014 vart ein studie publisert i det anerkjente forskingstidsskriftet Diabetes. Han viste at mus som hadde lett for å leggje på seg, hadde ein karakteristisk, feitleiksfremjande tarmflora.

No er artikkelen trekt tilbake, fortel Retraction Watch. Det betyr at resultata frå studien ikkje lenger vert sett på som vitskapeleg gyldige, skriv Forskning.no.

I kunngjeringa frå tidsskriftet står det at forskaren som leidde studien, ønskte å trekke den tilbake. Bakgrunnen er at ei intern gransking ved forskingsinstitusjonen har avslørt at ein av medforfattarane, Yassine Sakar, juksa ved å fabrikkere data. (©NPK)

Annonse