Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Forskarar meiner at 80-åringar med hjarteinfarkt bør få same behandling som yngre pasientar, noko som ikkje skjer i dag.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 07:34
– Dette er den første studien i verda som ser på pasientar over 80 år med hjarteinfarkt. Denne gruppa er veksande på grunn av eldrebølgja. Ein 80-åring blir faktisk 9– 10 år eldre, og det er derfor av interesse korleis ein skal behandle desse. Dessverre får eldre både mindre medisinar og mindre avansert trening og behandling, seier overlege og seksjonsleiar Bjørn Bendz ved kardiologisk overvaking ved Oslo universitetssjukehus (OUS) til Aftenposten.
Ifølge doktorgradsstipendiat Nicolai Kloumann Tegn får denne gruppa svært ulik behandling, avhengig av kva for eit sjukehus dei har vore innlagde på og kven som behandlar dei.
Legane samanlikna to grupper 80-åringar med hjarteinfarkt. Halvparten av dei 500 som deltok fekk undersøkt sine kransårar, som forsyner hjartemuskelen med blod og oksygen, på Rikshospitalet. Det vart deretter tatt stilling til om det skulle utførast utblokking, open hjarteoperasjon eller brukast hjartemedisinar. Den andre gruppa fekk medisinsk behandling ved sitt lokalsjukehus. Studien, som er publisert i det medisinske tidsskriftet Lancet, fann at den første gruppa hadde lågare døying, færre hjerteinfarktar, færre hjerneslag og mindre behov for ny kransåreundersøking. (©NPK)