Første teiknspråkpris til Marit Vogt-Svendsen og NRK

Språkrådet har oppretta ein pris for å fremme, utvikle og ta vare på det norske teiknspråket. Den første prisen blei tildelt Marit Vogt-Svendsen og NRK.

Prisutdelinga fant stad i anledning FNs nye internasjonale dag for teiknspråk, torsdag kveld. Juryen delte prisen for i år i to, både for å heidre ein pioner i arbeidet for norsk teiknspråk i forsking, og for å ære ein kvardagsaktør.

I grunngjevinga til juryen for å gi pris til Marit Vogt-Svendsen, som er doktor i teiknspråklingvistikk og tidlegare førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, heiter det at ho har bidratt i det viktige nordiske og internasjonale samarbeidet om forsking på teikna språk.

- Marit Vogt-Svendsen innsåg tidleg at ein måte å heve statusen til eit språk på var å forske på det og dokumentere lingvistiske særtrekk. Ho har bidratt til å fremme, utvikle og bevare norsk teiknspråk ved å dokumentere språket slik det blir brukt av døve. Dette har i sin tur gitt døve grunn til å vere stolt av språket sitt, seier leiar for juryen, Lise Marie Nyberg, som også er universitetslærar ved Oslo Met.

NRK får prisen for å vere seg bevisst sitt ansvar som allmennkringkastar gjennom NRK teiknspråk.

- NRK gjer ein solid jobb, og har lagt godviljen til når interesseorganisasjonar har pressa på. Også tilsette internt har stått på og bana veg for stadig nye måtar å gjere NRKs breie og gode programtilbod tilgjengeleg for fleire, seier Nyberg.

FNs nye internasjonale dag for teiknspråk er 23. september. Prisen er på 25.000 kroner. Utdelinga av prisen vil skje annakvart år.

(©NPK)