Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det norske forsvaret får til saman 165 milliardar kroner meir dei neste 20 åra. Det foreslår regjeringa i sin langtidsplan for Forsvaret.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 12:20
Over dei neste 20 åra legg langtidsplanen opp til å dekke inn eit samla meirbehov på om lag 165 milliardar 2016-kroner, noko som vil utgjere ei varig og markant satsing på forsvarssektoren, heiter det i langtidsplanen.
Langtidsplanen er ein ny kurs, eit taktskifte og ei historisk satsing på Forsvaret, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho presenterte han fredag.
– Vi tar eit stort steg mot Natos mål om at forsvarsbudsjetta skal nærme seg 2 prosent av BNP, sa ho.
Solberg peikte blant anna på trusselen frå ein meir aktiv nabo i aust.
– Heile Forsvaret skal saumlaust kunne jobbe saman med våre allierte dersom krisa skulle ramme oss, sa ho.
– Den nye langtidsplanen skal styrke forsvarsevna vår og bidra til at vi framleis skal leve i den tryggleik og fridom som vi tar for gitt, understreka Solberg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.