Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Forsvaret beordrar soldatar og offiserar til å levere inn Glock-pistolane sine.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 17:27
Eit firesifra tal på pistolar skal vere innleverte innan 1. februar, skriv Aftenposten. Økonomiske omsyn ligg bak.
– Dette skjer ut frå eit reint behov for å spare pengar. Vi har tronge budsjettår i Hæren. Det å operere også med sekundærvåpen, og trene med det, kjøpe inn ammunisjon, er veldig kostbart for Hæren, forklarer oberstløytnant Aleksander Jankov.
Glock-pistolane som skal leverast inn, er sekundærvåpen i Hæren. Primærvåpenet er automatgevær.
Det vil bli gjort unntak for dei som er ute i eller skal ut i utanlandsoperasjonar, og for avdelingar som står i pågåande beredskap. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.