Klargjør siden...
Annonse

Forsvarets varslingssystem skal bli gjennomgått eksternt

Forsvarssjefen har vedteke at varslingssystemet skal bli gjennomgått eksternt etter at Forsvaret har fått kritikk for handteringa av varslingssaker.

Den interne vurderinga av tiltak og tilrådingar er allereie gjennomført, og ein statusrapport er torsdag overlevert frå forsvarssjef Eirik Kristoffersen til forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

– Rapporten skal bidra til at Forsvaret i framtida blir betre på å handtere varslingssaker. Gjennomgangen vår viser at handteringa av varslingssaker ikkje alltid er god nok. Derfor set vi i verk ei ekstern evaluering av heile varslingssystemet, seier forsvarssjef general Eirik Kristoffersen.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram fekk rapporten frå forsvarssjefen i dag:

– Det er ei klok avgjerd som kan gi Forsvaret eit betre kunnskapsgrunnlag for å setje i verk fleire tiltak. Det skal vere trygt å varsle om uønskte hendingar, og det skal ikkje vere tvil om at varsla blir følgt opp, seier forsvarsministeren.

Har sett i verk fleire tiltak

I påvente av den eksterne evalueringa er fleire tiltak allereie sett i verk. Blant tiltaka er:

  • Betre varetaking av varslar, den som blir varsla på og andre involverte – mellom anna med oppfølging og informasjon undervegs i behandlinga, og i etterkant.
  • Heilskapleg vurdering av bruken av reaksjonar og sanksjonar, og sikre at reaksjonen står i forhold til alvorsgrada i saka.
  • Auke kompetansen hos dei som skal behandle varslingssaker.

– For oss er det heilt avgjerande at dei involverte i sakene blir varetekne og godt behandla. Dei må sikrast oppfølging og informasjon både undervegs og i etterkant av varslingsprosessen, seier Kristoffersen.

Sterk kritikk

Forsvarets handtering av varslingssaker har vore i søkjelyset den siste tida etter ei rekkje medieoppslag både hos NRK og andre aviser.

NRK har mellom anna skrive om at det er over 70 varslingssaker mot offiserar i Forsvaret, mange av dei i den øvste leiinga.

Det er også trekt fram konkrete døme, mellom anna om ein offiser som i 2020 vart dømd til 36 dagars fengsel utan vilkår både for fyllekøyring og for å ha prøvd å få andre – i dette tilfellet underordna kollegaer – til å lyge om at han hadde drukke alkohol og fyllekøyrt. Hendinga og dommen fekk ingen konsekvensar for karrieren til offiseren.

VG skreiv på si side om soldaten Julie Sandanger, som stod fram og fortalde korleis ho vart snikfilma i dusjen av sin næraste sjef. Til saman vart det avslørt 38 videoar på mobiltelefonen til sersjanten, og sersjanten vart dømd for forholdet. Likevel fekk han behalde grada og jobbar framleis i Forsvaret.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen har bestilt ein ekstern gjennomgang av Forsvarets varslingssystem etter kritikken den siste tida. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK