Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Advokat Amir Mirmotahari (38), som blir skulda for å ha planlagt kidnapping av eit valdtektsoffer, vart torsdag arrestert av politiet i Oslo.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 14:22
Sist oppdatert: 16.06.2016 kl 15:57
– Advokaten sit torsdag ettermiddag i avhøyr på politihuset i Oslo saman med forsvararen sin, advokat Anders Brosveet, seier politioverbetjent Stein Olav Bredli til VG.
Advokaten blir skulda for å ha planlagt kidnapping av eit valdtektsoffer, men nektar likevel for dette. Torsdag avvikla han også advokatpraksisen, dagen etter at VG publiserte eit lydopptak der det tilsynelatande går fram at han planlegg kidnapping av eit valdtektsoffer.
– Eg ser at eg har opptredd på ein måte som er eigna til å skade omdømmet til advokatstanden og vil derfor avvikle advokatpraksisen min med umiddelbar verknad, skriv advokaten i ei forklaring, formidla i VG.
Firmaet han dreiv fram til torsdag, hadde sju tilsette.
Målet med kidnappingsplanen skal, ifølgje VG, ha vore at valdtektsofferet ikkje skulle møte i retten for å forklare seg, og at den valdtektstiltalte klienten hans skulle gå fri. Sjølv seier advokaten at samtalen er tatt ut av samanhengen, utan at forhistoria er kjent, og at innhaldet i opptaket aldri har vore reelt.
Førstestatsadvokat Jørn Maurud ved Oslo statsadvokatembete har bedt politiet etterforske saka og meiner det kan dreie seg om grov motarbeiding av rettsstellet.
Torsdag formiddag vart det kjent at Tilsynsrådet for advokatverksemd har oppretta ei eiga sak mot Amir Mirmotahari.
– Dette skjedde nyleg, så vi har ikkje rekt å gjere all verda. Men vi har oppretta ei tilsynssak mot han. Det inneber at vi vil prøve å hente inn materiale for å finne ut av kva som eigentleg har skjedd i denne saka, seier dagleg leiar Hege Bjølseth i tilsynsrådet til NRK.
– Dersom dette er rett, så er det heilt forferdeleg. Det strir i så fall mot alle grunnleggjande prinsipp for advokatverksemd, og slik det er framstilt i VG, så kan dette vere straffbart, sa ho til NTB onsdag kveld.
Amir Mirmotahari sa onsdag til VG at presset frå mannen som gjorde opptaket, var så stort at han sjølv for det meste berre jatta med i samtalane.
– Eg har sagt dette. Det høyrest brutalt ut, det er uheldig. Men det skjedde aldri noko, sa advokaten og fortalde at familien har budd på hemmeleg adresse på grunn av truslar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.