Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) innrømmer at saker knytt til våpenprodusent Nammo burde vore handtert som innsideinformasjon.
Publisert: 18.09.2023 kl 17:35
I samband med ei gransking i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har forsvarsministeren tidlegare svart at sakene knytt til Nammo ikkje vart handtert som innsidesaker.
Etter at Ola Borten Moe (Sp) måtte gå av som statsråd for å ha handla aksjar i Nammos eigarselskap, Kongsberg Gruppen, har Gram og Forsvarsdepartementet i ettertid konkludert med at dette truleg var feil, og at saker knytt til Nammo burde ha vorte behandla som innsideinformasjon.
– I lys av det som har komme fram den seinare tida, mellom anna gjennom media, var det naturleg å setje i gang ein slik gjennomgang for å sikre at departementet har ei tilfredsstillande praktisering av innsideregelverket. Gjennomgangen har vist at delar av sakskomplekset sannsynlegvis burde vore handtert som innsideinformasjon, skriv Gram i eit brev til kontrollkomiteen.
Han opplyser også om at det går føre seg arbeid i departementet med å sjå på praksis for handtering av innsideinformasjon.
(©NPK)
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK