Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo/Mats Rønning): Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) vil skjerpe ytterlegare reglene for sal av forsvarsmateriell. Endringane vil i praksis hindre sal av større militært utstyr til private.
npk@npk.no
Publisert: 26.05.2016 kl 15:46
– Me skal fortrinnsvis berre selje lisenspliktigmateriell til utlandet til godkjente nasjonars styresmakter og aktørar som er godkjende av styresmaktene i mottakarlandet, sa Eriksen Søreide i Stortinget torsdag.
Alle slike sal til utlandet vil framleis krevje Forsvarsdepartementets godkjenning. Hensikta er å sikre auka kontroll med kven som kjøper utrangert utstyr.
– Det gjev samstundes moglegheit for å avhende materiell til særleg eigna føremål, som til dømes internasjonale hjelpeorganisasjonar, seier Eriksen Søreide.
Ho gjorde greie for dei skjerpa krava då Stortinget behandla saka frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Forsvarets sal av brukt og utrangert militært materiell.
– Dette vil bidra til naudsynt kontroll av bruk og sluttbruk av slikt materiell, seier statsråden.
Samla vil regulering av lisenspliktig materiell til utlandet og stogg i auksjonssal kunne stramme inn moglegheita for sal av utstyr til private aktørar, òg i utlandet, ifølgje forsvarsministeren.
Ho har dessutan avgjort at alt framtidig sal av materiell gjennom meklar skal godkjennast av Forsvarsdepartementet i kvart enkelt tilfelle.
– Eg har òg avgjort at alle sal i Noreg til utanlandske aktørar skal behandlast som sal til utlandet, seier Eriksen Søreide.
Ho tek òg til orde for at informasjon om sal av materiell til private aktørar kan bli offentleggjort.
Det vil igjen kunne føre til at Forsvaret sit att med mindre pengar til si operative verksemd, åtvarar ho.
– Rammene for ei innstramming i sal av materiell vil bli nærmare konkretisert gjennom budsjettprosessen til hausten, seier statsråden.
Dagbladet har avslørt at norsk forsvarsmateriell har hamna hjå paramilitære i Vest-Afrika og i autoritære Eritrea. Dette fekk kontrollkomiteen til å opne sak.
– Det er vanskeleg å finne eit passande ord for den tilliten forsvarssjefen har etter denne saka, sa Venstres Abid Raja.
– Det som verkeleg er alvorleg, er at det synest som om Forsvaret held informasjon ikkje berre unna offentlegheita, men òg unna forsvarsministeren, meinte Aps Gunvor Eldegard.
KrFs Hans Fredrik Grøvan meiner saka avdekkjer grov systemsvikt og ukultur i Forsvaret.
– Forsvarets eigne kontrollrutinar har ikkje fanget opp regelbrota. Saksbehandlinga har vore mangelfull, og Forsvarets handtering har vore kritikkverdig. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.