Forventningar om god vekst i andre kvartal i USA

(NPK-NTB-AFP) USAs økonomi voks litt raskare i første kvartal enn forventa.

Dermed ligg årsveksten an til å bli på 0,8 prosent, ifølgje det amerikanske handelsdepartementet. Trass i at dei nye tala var betre dei enn tidlegare anslaga på 0,5 prosent, var veksten likevel noko svakare enn analytikarane hadde forventa.

Noko av årsaka ligg i den store nedturen i energisektoren, spesielt for olje og gass som har hatt ein stor prisnedgang. I tillegg har det vore svakare vekst i forbruket til vanlege hushald, trass i at fleire jobbar har gitt auka inntekter til familiane.

Veksten så langt i andre kvartal har likevel vore så stor at USA framleis ligg godt an samanlikna med andre store økonomiar i verda. For andre kvartal forventar departementet at økonomien er tilbake på ein vekst på 2,5 til 3 prosent. USAs sentralbank slår fast at tala for første kvartal ikkje heilt viser at det er god styrke i den amerikanske økonomien.

– Nyare tal signaliserer svært gode resultat for andre kvartal, til og med betre enn anslaga på 2,5 prosent, seier analytikar Jim O'Sullivan i High Frequency Economics. (©NPK)

Annonse