Annonse

Forvirring om ID-kontrollar frå Danmark til Sverige

(NPK-NTB-FNB-TT): Det herskar full forvirring om kva ID-kort som er gyldige for innreiser til Sverige frå Danmark når svenskane no har innført grensekontroll.

– Ei vakt har sleppt gjennom reisande medan andre vakter ikkje har gjort det, seier Niels Paarup-Petersen frå Facebook-gruppa Öresundsrevolutionen.

Han var måndag på Kastrup flyplass i København der han møtte fleire frustrerte personar som ikkje fekk reise til Sverige trass i gyldige reise- og ID-dokument.

– Folk som burde ha kome gjennom, har ikkje gjort det. Nokre franske studentar i Sverige og personar med svensk opphaldsløyve, har ikkje gjort det.

Sjølv klarte Paarup-Petersen å ta seg over Øresundbroen med eit utgått pass, altså eit ugyldig reisedokument.

Også på togstasjonen i København var det kaos måndag ettermiddag. Mange reisande har ikkje kome med toga sine, og fleire tog blei også innstilte på grunn av ID-kontrollane.

Sverige innførte måndag morgon grensekontroll for alle som kjem reisande frå Danmark. Nokre timar seinare innførte også danske styresmakter skjerpa grensekontroll ved grensa mot Tyskland.

Den danske integrasjonsministeren Inger Støjberg opplyser til Danmarks Radio at styresmaktene vurderer å sende 400 soldatar til den tysk-danske grensa for å avlaste politiet. (©NPK)