Klargjør siden...

Fotball-EM: Italia og Island spelte uavgjort – vidope før siste runde

For andre kamp på rad rota Island bort ei leiing og fekk 1–1 mot Italia i fotball-EM for kvinner torsdag.

Skal det bli kvartfinale på Island, er dei etter alt å dømme avhengig av at Italia og Belgia speler uavgjort i den siste gruppekampen måndag. Alternativt må dei sjølve slå Frankrike same kveld.

Två uavgjort-resultat gjer nemleg at Island står med to poeng, medan Italia og Belgia står med eitt. Frankrike leier gruppa med tre poeng før møtet med belgiarane seinare torsdag.

Islendingane, som mellom anna har Brann-spelar Berglind Björg Thorvaldsdóttir i troppen, opna kampen på best mogleg vis. Før tre minutt var spelte hamra Karolina Lea Vilhjalmsdottir inn 1–0.

Etter 60 minutt spelte fekk Alexandra Johannesdottir ein stor sjanse til å doble leiinga, men bomma på mål frå kloss hald. Berre vel eit minutt seinare var utlikninga eit faktum etter mål av Valentina Bergamaschi.

Dei siste minutta var Italia nærast mål då dei trefte stolpen, men marginane var ikkje på dei blåkleddes side. Dermed ebba kampen ut i 1-1, og begge lag har derfor alt å spele for i den tredje og siste runden i gruppespelet.

(©NPK)

Karolina Lea Vilhjalmsdottir hamra Island i føringa mot Italia i fotball-EM for kvinner torsdag. Foto: Jon Super/ AP/ NTB.

Italia kunne juble for ei viktig 1-1-scoring etter 60 minutts spilt mot Island i fotball-EM for kvinner torsdag. Foto: Jon Super/ AP/ NTB.

Annonse