Annonse

Fotball-EM som planlagt i Frankrike

(NPK-NTB-AFP): Den franske idrettsministeren Patrick Kanner seier det ikkje kjem på tale å avlyse EM-sluttspelet i fotball kommande sommar.

– EM blir arrangert i ei ramme av maksimal tryggleik. Tryggleiken blir ytterlegare forsterka etter det vi akkurat har opplevd. Det kjem ikkje på tale å avlyse eit slikt populært arrangement, sa idrettsministeren tysdag. (©NPK)