Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Noregs kvinnelandslag i fotball speler ikkje mot Kviterussland på Ullevaal førstkommande onsdag. Oppgjeret i EM-kvalifiseringa blir flytta til over nyttår.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/margunn.sundfjord@npk.no
Publisert: 16.10.2020 kl 17:54
Det opplyser Norges Fotballforbund i ei pressemelding.
Uvisse rundt smittesituasjonen i den kviterussiske troppen blir oppgitt som årsak til at kampen blir utsett til februar. Eit strengt norsk karanteneregelverk har òg spelt ei rolle i avgjerda, som laga har teke saman med Det europeiske fotballforbundet (Uefa).
– Dette var kjedeleg. Vi hadde sett fram til å spele kampen på Ullevaal, men det er lite å få gjort noko med. Vi har stor respekt for situasjonen i samfunnet og må vere førebudd på at sånt kan skje i tida vi er inne i no, seier landslagssjef Martin Sjögren.
Noregs neste kamp blir borte mot Wales 27. oktober. Uavgjort der vil kvalifisere Noreg for EM i 2022.
– Vi gjer om litt på planlegginga, men får meir tid enn vanleg til trening og jobbing med detaljane. Vi skal nytte tida godt til å førebu oss til Wales-kampen best mogleg og gler oss til ny samling, seier Sjögren.
1. desember skal Noreg møte England til privatlandskamp i Sheffield.
(©NPK)
Noregs fotballkvinner skulle eigentleg spele mot Kviterussland på Ullevaal førstkommande tysdag, men kampen i EM-kvalifiseringa er no blitt flytta til februar. Foto: Jil Yngland / NTB