Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kvinnelandslaget i fotball dundra til med storsiger og 6– 0 over Romania fredag kveld. Det var meir enn berre resultatet som gledde landslagstrenar Roger Finjord.
npk@npk.no
Publisert: 22.01.2016 kl 19:17
Sist oppdatert: 22.01.2016 kl 20:27
Kampen er eit ledd i oppkøyringa til den komande OL-kvalifiseringa i Rotterdam frå 2. til 9. mars. Der skal Noreg opp mot Sverige og Sveits, i tillegg til Nederland. Då handlar det om mogleg spel i Rio de Janeiro under OL i Brasil til sommaren.
– Vi spelte ein god kamp. 1. omgang var rein klasse mot eit lag og ein nasjon som også har ambisjonar om å ta seg til EM-sluttspelet, sa Finjord til NTB.
26 minutt ut i 2. omgang blei det 6– 0 ved innbytar Lisa-Maria Karlseng. Ho sette inn eit hardt skot etter corner. Det var det første målet hennar på landslaget.
– Vi viste fram bra angrepsspel, var trygge med ball og sette inn eit veldig trykk då vi nærma oss mål. Vi fekk også brukt begge sidene våre og var flinke til å halda ballen internt i laget, sa Finjord om den norske prestasjonen.
– Dei scora tre av fem mål før pause og var veldig gode. Det er ein spennande duo, og dei er veldig vanskelege å lesa. Vi fekk ei fin avslutning på første del av opphaldet her i Spania, sa Finjord.
I den siste halvtimen av kampen kom også den tidlegare landslagskapteinen Ingvild Stensland inn på banen. Det var eit etterlengta innhopp etter eit langt skadeavbrekk som mellom anna heldt henne unna VM-sluttspelet i Canada sist sommar.
Tysdag skal Noreg opp mot Frankrike i den neste treningskampen inn mot OL-kvalifiseringa. Det er eit lag som har ambisjonar om medalje under OL i Rio og blir reknar for å vera ein sterkare motstandar enn Romania. (©NPK)