Fotgjengar mista livet i Vindafjord

(NPK-NTB): Ein person døydde etter å ha blitt påkøyrd av ein lastebil i Vindafjord i Rogaland.

Ulykka skjedde på E134 ved Liaheia like før klokka 17 måndag, skriv Haugesunds Avis.

– Det har vore ein samanstøyt mellom ein lastebil og ein fotgjengar. Eg kan bekrefte at fotgjengaren er omkommen, seier operasjonsleiar André Skram Hansen i Sørvest politidistrikt. (©NPK)