Klargjør siden...
Annonse

Framandkrigarar vil anke dødsdom i Donetsk

Framandkrigarane som er dømde til døden av separatistane i Donetsk i Ukraina, vil anke dommen, opplyser advokaten til den eine av dei.

Dei russiskstøtta separatistane i Donetsk dømde tidlegare i månaden dei to britiske framandkrigarane Shaun Pinner og Aiden Aslin og marokkanaren Brahim Saadoun til døden.

Ifølgje dommen er dei tre leigesoldatar som har kjempa på Ukrainas side i krigen, noko dei heller ikkje har nekta for.

Dei to britane innrømde under rettssaka at dei var ein del av ei ukrainsk militæreining i Mariupol og kravde derfor vern som krigsfangar.

Pinnars advokat Julia Tserkovnikova opplyser til det statlege russiske nyheitsbyrået Tass at dei tre no vil anke dødsdommen.

– Kollegaene mine og eg arbeider med å forme ut anken. Dersom denne blir forkasta og dommen blir rettskraftig, vil vi søkje om benåding. Det er ein rett klientane våre har i samsvar med lova i Folkerepublikken Donetsk, seier ho.

(©NPK)

Britiske Aiden Aslin (t.v.) og Shaun Pinner (t.h.), og marokkanske Saaudun Brahim (i midten), er dømde til døden av russiskstøtta separatistar i Donetsk for å ha kjempa saman med ukrainske regjeringsstyrkar. Foto: AP / NTB