Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Lokale snikkarar har no vore i dei skredramma husa i Longyearbyen for å sikre dei mot vêr og vind. Evakueringa held fram gjennom jula.
npk@npk.no
Publisert: 23.12.2015 kl 15:11
Snikkarane har dekka til opne vindauger, dører og rom, slik at husa blir nokolunde tette og eigedelane til bebuarane blir beskytta, opplyser Sysselmannen på Svalbard.
Sysselmannen understrekar at forbodssonen rundt skredområdet gjeld til over jul. Det er sett opp fysiske sperringar, og det vil vere vakthald i området i heile jula.
NVE åtvarar folk i området mot å bryte ferdselsforbodet.
– Det er rett og slett farleg, seier geolog Odd Arne Mikkelsen til NRK.
Ei værendring har ført til meir snø og usikre forhold i fjellet, åtvarar han.
– Det kan gå ras. Det er jo derfor det er evakuert. Vi har ikkje heilt full kontroll her, så derfor tar vi dei forholdsreglane som er nødvendige, seier Mikkelsen.
To personar mista livet og fleire hus blei fullstendig øydelagt då Longyearbyen blei ramma av snøskred laurdag. Som følgje av ulykka skal det no utarbeidast dagleg varsling av snøskredfaren i Longyearbyen.
Det er Norges Geotekniske Institutt (NGI) som har fått i oppgåve å utarbeide varselet. NGI lager allereie tilsvarande varslar for Bergensbanen mellom Geilo og Voss og for Strynefjellsveien. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.