Annonse

Framleis ferdselsforbod og stengde vegar etter flaumen

Trass i at flaumtoppen er nådd, er det ferdselsforbod på fleire vegstrekningar i Sogn og Fjordane. Fleire personar er evakuerte, mens andre er isolerte.

Vest politidistrikt opplyste måndag ettermiddag at dei framleis følgjer situasjonen kontinuerleg og inntil held oppe styrkt bemanning i tilknyting til operasjonssentralen vidare. Samtidig førte den betra situasjonen med reduserte vassmengder og endra vêrforhold til at politidistriktet kunne flytta noko av innsatsen over til normal drift.

På fylkesveg 333 på strekninga Skjolden-Mørkridsdalen og fylkesveg 331 mellom Skjolden og Urnes ved Sørheim i Luster kommune blei det måndag vurdert som så utrygt at politiet la ned ferdselsforbod. Det same gjeld den nye brua over Opoelva i Odda kommune.

- Desse områda er i dag ikkje vurdert som sikre å bevega seg i, strekar politiet under.

På strekninga Osen bru - Eldalsosen ved Hestad i Gaular kommune blei likevel ferdselsforbodet oppheva måndag kveld. Vegen var framleis stengt ved Hestad, men det finst alternativ med omkøyringar, forsikrar politiet.

Samtidig kunne fylkesveg 55 over Sognefjellet opnast for trafikk måndag ettermiddag. Det var då manuell dirigering av trafikken over gamle Opo bru i Odda.

Samtidig er åtte personar i Forundalen og ein person i Mørkridsdalen framleis evakuert. 24 personar i Fortundalen er framleis isolerte på grunn av øydelagde eller stengde vegar.

(©NPK)