Annonse

Framleis ingen arresterte for truslane mot justisministeren

Etter elleve dagar med etterforsking er framleis ingen arresterte for dei alvorlege truslane og hærverket retta mot justisminister Tor Mikkel Wara og familien.

Politiets tryggingsteneste (PST) er svært tilbakehaldne med opplysningar om saka.

- Vi etterforskar framleis. Ingen er arresterte, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til NTB.

Det var natt til 6. desember at nokon tagga ned bilen og huset til justisministeren med påskrifta «rasist». I tillegg vart det tredd ein hyssing ned i bensintanken på bilen, noko som kan tyde på at han vart forsøk påtent.

PST har sagt at det er aspekt ved saka som gjer at dei «ser svært alvorleg på ho». Dei vil ikkje seie noko om etterforskinga så langt.

- Vi etterforskar på ordinært vis. Av omsyn til etterforskinga, kan vi ikkje seie noko meir, seier Bernsen.

Han vil ikkje seie om truslane mot Wara omfattar meir enn dei synlege spora på bilen og huset. Heller ikkje om dei trur det er éin eller fleire personar som står bak.

- Eg vil ikkje spekulere i det, seier Bernsen.

Justisministeren har kalla truslane mot seg sjølv og familien for eit angrep på det norske demokratiet.

- Eg konstaterer at vi er komme til eit punkt der det har vorte veldig ubehageleg. Eg vil ikkje spekulere i årsaker her. Det er opp til politiet å arrestere gjerningsmennene, sa statsråden i etterkant av hendinga.

(©NPK)

Ordet «rasist» blei tagga på bilen og huset til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp). Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix