Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Søka etter to menn som er sakna i Ulvik og Evanger i Hordaland, held fram fredag.
npk@npk.no
Publisert: 09.09.2016 kl 08:28
– Leiteaksjonen vil gå føre seg med full styrke utover dagen. Så får vi ta stilling til kor lenge den skal haldast gåande, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til NTB.
I Ulvik blir det leita etter ein sakna 30 år gammal polsk mann, som har vore sakna sidan søndag. Han blei sist sett nær Solsævatnet.
Heimevernet og Sivilforsvaret hjelper politiet i søket.
I Brekkhus, 13 kilometer nord for Evanger i Voss kommune, er ein mann i 40-åra frå Litauen sakna. Han blei sist sett tysdag.
Sandalar er blitt funne i terrenget i Brekkhusli, og politiet ser ikkje vekk frå at dei kan høyre til den sakna 40-åringen.
Politiet i Hordaland bad torsdag folk i området Evanger-Eksingedalen om å sjekke hagar, uthus, garasjar og liknande. Mannen er kanskje iført ei grå T-skjorte og grå joggebukse. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.