Klargjør siden...
Annonse

Framleis uklart om Pelosi dreg til Taiwan

Det er framleis uvisst om Nancy Pelosi vil dukke opp i Taiwan i dag. Samtidig øver kinesiske kampfly på taktiske manøvrar nær Taiwan.

Måndag siterte CNN taiwanske og amerikanske kjelder på at Nancy Pelosi, speaker i Representanthuset i USA, skal dra til Taiwan i dag. Dei opplysningane er verken stadfesta eller avkrefta. I dag er ho i Malaysia.

Viss ho dukkar opp i Taiwan, vil det provosere Kina kraftig, som ikkje anerkjenner Taiwans suverenitet. Tysdag har fleire kinesiske kampfly floge tett på sjøgrensa mot Taiwan og øvd på taktiske manøvrar, ifølgje Reuters. Kinesiske styresmakter kom i går med åtvaringar om at dei «ikkje vil sitte stille» om Pelosi dukkar opp i Taiwan og har åtvara USA om å «ikkje leke med elden».

Taiwans forsvarsdepartement melder tysdag at dei er klare til å forsvare seg om det skulle vere nødvendig. Dei seier dei førebur seg på ulike scenario og kan mobilisere styrkar raskt viss Kina skulle ty til vald.

Talsperson John Kirby i Det kvite hus' nasjonale tryggingsråd sa måndag at Pelosi er i sin fulle rett til å besøkje Taiwan.

– Det er ingen grunn til at Beijing skal vri eit potensielt besøk i tråd med langvarig amerikansk politikk, til ei slags krise, sa Kirby.

Besøket i Malaysia tysdag er det andre stoppet på Pelosis Asia-rundtur, etter at ho i går besøkte Singapore. Der vart ho oppmoda av statsministeren i landet til å streve etter «fred og sikkerheit» i Asia.

Taiwan, ei øy som ligg aust for Kina, reknar seg sjølv som ein sjølvstendig stat med eigen valuta og sitt eige politiske system. Kina reknar øya som ein del av territoriet sitt.

(©NPK)

Nancy Pelosi var tysdag i Malaysia der ho møtte speakeren i den malaysiske nasjonalforsamlinga, Azhar Azizan Harun. Dei fleste er likevel meir opptekne av om ho dukkar opp i Taiwan. Foto: Malaysias informasjonsdepartement / AP / NTB

Annonse