Klargjør siden...

Framtids-vintrane vil koste Noreg dyrt

(NPK-NTB): Snølause vintrar i nytt klima vil kunne få store økonomiske konsekvensar for ei rad næringar, meiner eit ekspertpanel, som drøftar betydinga av klimaendringane for norsk vintersport.

Milliardsummar står på spel dersom vi misser vinteren slik vi kjenner han, heiter det i rapporten Grå Vinter, utgitt av Norsk Klimastiftelse, som vart lagt fram i Oslo onsdag.

Den norske vinteren slik vi kjenner han kan forsvinne heilt eller delvis dei neste generasjonane. Snøkart frå rapporten «Klima i Norge 2100» frå Norsk Klimasenter viser at lågareliggjande og kystnære delar av Noreg, der nordmenn flest bur, allereie ved midten av hundreåret kan vente seg ein vesentleg kortare snøsesong.

I år 2100 kan det normale i store delar av Noreg vere lite – om i det heile tatt noko – snø vinterstid. Kor raskt endringane kjem og kor alvorlege dei blir vil vere avhengig av klimagassutsleppa. (©NPK)

Annonse