Frankrike gjeninnfører grensekontroll til klimatoppmøtet

(NPK-NTB-AP): Frankrike gjeninnfører grensekontroll i ein månad i samband med klimatoppmøtet i Paris 30. november, opplyser innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Kontrollane er ein del av tryggingstiltaka rundt toppmøtet, seier Cazeneuve til TV-kanalen BFM fredag.

Styresmaktene er førebudde på valdelege demonstrasjonar og potensielle terrorangrep, seier han.

Frankrike vart i januar ramma av eit dødeleg angrep utført av islamistiske ekstremistar og har også blitt utsett for fleire mindre angrep og forsøk på angrep etter det. (©NPK)

Annonse