Frankrike-kapteinen før EM-semifinalen: – Ingen grunn til å ha mindreverdskompleks

Onsdag kveld skal Frankrike bryne seg på åtte gonger europameister Tyskland i jakta på EM-finale. Den franske kapteinen Wendie Renard er offensiv før kampen.

– Viss vi ikkje tek oss til finalen og vinn det trofeet, kjem ingen til å snakke om oss. Folk snakkar berre om vinnarane, sa Renard på pressekonferansen tysdag.

På motsett banehalvdel står åtte gonger europameister Tyskland, som sist vann meisterskapen i 2013 etter finalesiger mot Noreg. Frankrike har på si side aldri vore i ein EM-finale.

– Det blir ofte prata om kor overlegne Tyskland er, men det er ingen grunn for oss til å ha nokon kompleks knytte til det. Det er ein tøff kamp mot eit lag som har vunne trofeet fleire gonger, men eg har trua på heile laget. Vi er veldig fokuserte, heldt midtstopparen fram.

Det franske laget tok seg til semifinale ved å slå ut Nederland etter ekstraomgangar i kvartfinalen.

– Vi ønskjer å spele ein god kamp og skåre tidlegare enn vi gjorde mot Nederland. Viktigast av alt blir å vere effektiv i begge boksar, sa Frankrikes trenar Corinne Diacre på pressekonferansen.

Tysklands kampførebuingar fekk seg eit skot for baugen då det tysdag ettermiddag vart klart at nøkkelspelar Klara Bühl testa positivt på korona. Ho kan likevel ha ei moglegheit til å rekke ein eventuell finale søndag.

(©NPK)

Frankrikes Wendie Renard er offensiv før EM-semifinalen mot Tyskland onsdag. Foto: Alessandra Tarantino/ AP/ NTB.

Annonse