Klargjør siden...

Frankrike trumfar gjennom omstridd arbeidsreform

(NPK-NTB-AFP-AP): Den franske statsminister Manuel Valls trumfar gjennom ein omstridd arbeidsmarknadsreform utan avstemming i nasjonalforsamlinga.

Ved å ta i bruk ein artikkel i grunnlova har regjeringa pressa gjennom lova utan å få grønt lys frå dei folkevalde.

Grunnlovsregelen opnar for å vedta lovgjeving utan ei avstemming i parlamentet, føresett at ikkje underhuset stemmer for mistillit mot regjeringa.

Vedtaket tysdag gjorde at titals opposisjonelle parlamentarikarar gjekk ut av nasjonalforsamlinga under talen til statsministeren.

Den omstridde arbeidsreforma har ført til massive protestar og streikar i Frankrike i månadsvis. Regjeringa meiner den er nødvendig for å få bukt med arbeidsløysa, men fagrørsla fortvilar over at lova svekkjer makta til dei tilsette. (©NPK)

Annonse