Annonse

Frankrike vil trappa opp angrepa mot Mosul

(NPK-NTB-TT): Frankrike vil saman med USA leggja ein plan for eit koordinert angrep mot den IS-kontrollerte byen Mosul i Irak, opplyser ein fransk regjeringstalsmann.

Frankrikes forsvarsminister Jean-Yves Le Drian er denne veka i USA for møte i den amerikanskleidde internasjonale koalisjonen mot IS.

– Saman med amerikanarane førebur han eit koordinert angrep mot Mosul, seier regjeringstalsmann Stephane Le Foll til fransk radio onsdag.

Le Foll stadfestar samtidig at franske spesialstyrkar er på bakken i Libya, der IS også har fotfeste.

– Spesialstyrkar er der, sjølvsagt, for å hjelpa og sikra at Frankrike er til stades overalt i kampen mot terroristane, seier Le Foll. (©NPK)

Annonse