Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Den franske idrettsministeren, Patrick Kanner, hevdar russiske styresmakter burde gjort meir for å hindra at bråkmakarar kunne reisa til EM.
npk@npk.no
Publisert: 13.06.2016 kl 19:55
– Dette handlar om ein beklageleg mangel på samarbeid. Russiske styresmakter skulle aldri ha late desse menneska reise, og no må dei handla, sa Kanner måndag.
EM-kampen mellom Russland og England i Marseille laurdag blei skjemde av supporterbråk. Både før, under og etter oppgjeret barka russiske og engelske fans saman.
Ei rekkje personar blei skadde og minst éin person ligg kritisk skadd på sjukehus.
Idrettsminister Kanner hevdar no at «det finst mellom 50 og 200 russiske fotballpøblar som må takast kontroll på». (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.