Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Fred. Olsen Renewables AS har fått konsesjon til å byggje Gilja vindkraftverk i Gjesdal kommune i Rogaland. Anlegget vil produsere straum tilsvarande forbruket til 20.000 bustader.
npk@npk.no
Publisert: 13.06.2016 kl 12:07
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde gitt konsesjon til prosjektet, men dette blei klaga på av blant anna lokale hytteeigarar, natur- og friluftsorganisasjonar og Fylkesmannen i Rogaland. No har Olje- og energidepartementet avgjort at klagene ikkje takast til følgje.
– Gilja er eitt av dei betre vindkraftprosjekta departementet har behandla. Prosjektet vil bidra til betydeleg auka kraftproduksjon og gir sysselsetting i ein region som står i ein krevjande situasjon. Eg ønsker Fred. Olsen lykke til med det vidare arbeid med å få realisert utbygginga, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
Departementet opplyser at dei har vurdert både landskapsverknader og friluftsinteresser og funne at det var grunnlag for å gi konsesjon.
– Departementet har lagt vekt på dei gode teknisk/økonomiske føresetnadene for prosjektet og at konfliktane med naturmangfald er mindre enn det ein normalt kan forvente ved såpass store vindkraftprosjekt, opplyser Olje- og energidepartementet.
Dagleg leiar Erik Thoring i Naturvernforbundet i Rogaland seier vedtaket er beklageleg. Forbundet var blant dei som klaga på den første konsesjonen. Han trur det er skepsis til vindkraft i befolkninga.
– Det påverkar jo folks kvardagslandskap betydeleg, seier han til (©NPK) Sysla.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.