Fredrik Barth er død

(NPK-NTB): Sosialantropolog Fredrik Barth er død, 87 år gammal. Barth døydde natt til søndag, stadfestar Universitetet i Oslo overfor NTB.

Barth var ein av dei mest internasjonalt kjende akademikarane i Noreg. Han var professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Emory University i Atlanta og ved Harvard.

Barth tok doktorgrad i 1957 med avhandlinga «Political Leadership among Swat Pathans», som blei gjeven ut som bok to år seinare. Boka blir rekna for å vera referanseverket om folkegruppa pasjtunerane, som lever i Afghanistan og Pakistan.

Barth var universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo frå 1953 og forskingsstipendiat ved Noregs allmennvitskapelege forskingsråd frå 1958 til 1961. Same året blei han knytt til Universitetet i Bergen som dosentstipendiat, og frå 1965 til 1974 var han professor i sosialantropologi i Bergen. Deretter tok han over professoratet i etnografi ved Universitetet i Oslo og styrarstillinga ved Etnografisk Museum, fram til han blei statsstipendiat i 1985.

I 2008 blei Barth utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen for det viktige bidraget sitt til etableringa og utviklinga av moderne sosialantropologi i Noreg og for det grensesprengjande og, internasjonalt sett, sterke vitskapelege bidraget sitt frå 1950-talet og fram til i dag. Same året blei han også utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden innsatsen sin innan sosialantropolog.

I august 2012 blei Barth utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Zürich. Han var gift med professor Unni Wikan. (©NPK)

Annonse